Målet er å spele og skape musikk, auke musikkgleda og ferdigheitene dine, og å gi deg større musikkforståing. Lytteevna er viktig, og samanhengen mellom teori og praksis. Viktige stikkord er å utvikle

•    evna til speling og samspel
•    musikalske ferdigheiter
•    repertoar og sjangerforståing

Det faglege innhaldet i undervisninga har fokus på

•    låtskriving
•    arrangering
•    formidling
•    studio og innspeling
•    lydkøyring
•    musikkteori og -historie
•    individuell undervising på instrument
•    øvingsrutinar
•    samarbeidsevner

Skulen samarbeider med Voss Lyd om studio, opptak og køyring av lyd, og med Ole Bull Akademiet om folkemusikk.

Praksis og teori går hand i hand. Teorien må vere forankra i praksis og praktiske døme for å vere nyttig i ein musikalsk kvardag. For å øve øyret og forståinga samtidig har vi fokus på gehørtrening:

•    dur og moll, intervall
•    akkordar og akkordprogresjonar
•    rytmikk og rytmetrening
•    notelære

Metodane vi brukar er

•    sjølvstendig arbeid
•    rettleia gruppearbeid
•    nivådelte grupper (av og til)
•    refleksjon og vurdering

•    praksis er ein del av teoriundervisninga – og vice versa
•    nokre fag går kontinuerleg, andre i periodar
•    linjeprosjekt
•    kurs
•    konsertar og turné

Du er med på å skape din eigen kvardag. Derfor er di stemme viktig for at vi skal kunne skape et godt folkehøgskuleår – saman! Gjennom kontinuerleg dialog diskuterer vi interessefelt og kva fagområde vi skal ha meir og mindre fokus på.

Fridom til å påverke vår eigen kvardag er viktig for oss. Saman som ein skule skapar vi eit unikt år der du kan dyrke dine interesser og prøve ut fag du ønskjer å vidareutdanne deg i. Som elev på Voss kan du gjennom engasjement og deltaking få dei store opplevingane – ein real opptur!

God dialog og munnleg tilbakemelding frå lærarar og medelevar er grunnlaget for evalueringane. I tillegg må du vurdere eigeninnsatsen og framgangen din i elevsamtalar med læraren. Du må reflektere rundt prosess, resultat, di eiga rolle, innsats og læringsutbyte etter kvart prosjekt. Dette gjer du blant anna gjennom ein skriftleg refleksjonslogg.