360°Musikk, New York/London

 

Ein “360° deal” i musikkbransjen dekkjer alt innan eit liv i og med musikk. Det vil vi og gjere på Voss: band, studio, turné, låtskriving, ditt instrument, produksjon, MacLab, sjangrar, idé - suksess.

 

Musikkverda er i forandring. Vil du bli oppdatert?
 

Hos oss får du heile prosessen:


•    låtskriving


•    undervisning på ditt instrument


•    studio og produksjon


•    turné og formidling


•    ulike sjangrar


•    musikkteori og –historie


•    MacLab


•    sosiale media og YouTube: ”go viral”


•    musikkbransjen no og i framtida

 


 
Vi veit at samspel gir musikalsk læring. Gjennom samspel utviklar du instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret og aukar sjangerforståinga di. Du utviklar lytteevna di, trekkjer linjer mellom teori og praksis, opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får arbeide med komposisjon og arrangering, bruke studio og MacLab, planleggje konsertar. Du får kurs i låtskriving, arrangering, studio og produksjon. Det blir òg tid til konsertar på og utanfor skulen, i tillegg til ein konsertturné om våren.
 
For å kunne leve av musikken sin i dag må mange vere artist, komponist, designar, produsent, journalist, prosjektleiar, pengeinnsamlar, studioteknikar, regissør, og kunne marknadsføre musikken i media. Det krev mykje arbeid, noko talent og en del forkunnskapar. På Voss Folkehøgskule skal du kome ut etter eitt år med ein smakebit av alle disse forkunnskapane.



Vi samarbeider med VossaJazz (ein av Noregs største jazzfestivalar), Ole Bull Akademiet (m.a. arrangerer Osafestivalen – folkemusikk i særklasse) og Voss Lyd (kompetanse og praksisplassar til dei som er interesserte i produksjon, studioarbeid og live-lyd)

 

 

Studietur - Bli med til verdas musikkhovudstader: London og New York!

 

 

 

 odd

Mange gode musikarar har starta karrieren sin på Voss musikklinje, vert du den neste?
Odd Nordstoga om året på Musikklinja: – Eg hadde neppe vorte musikar utan det året på folkehøgskulen. Eg blømde, fekk masse skryt, fekk sjølvtillit nok til å tru både på meg sjølv og mitt materiale. Året 1991 til 1992 på musikklinja på Voss vart eit ”lære for livet”-år, eit av mine beste og kanskje det viktigaste for vegvalet mitt, seier Nordstoga.

 

 

 

 

 

View the embedded image gallery online at:
https://voss.fhs.no/linjer/360-musikk#sigFreeId6164bf7f55